[Råd for sambuarar]
Sambuar døyr
Når den eine av sambuarane døyr, finst det
er det færre reglar som tilgodeser den attlevande. Sambuarar arvar ikkje
kvarandre så sant det ikkje er skrive testament.
Dersom ein av sambuarane fell frå, og dei ikkje hadde felles barn eller
skrive testament, blir arven fordelt etter arvelova. Det vil seie at livsarvingar,
dvs. barn og barnebarn (berre barnebarn dersom foreldra er døde), eller
eventuelt andre arvingar etter lova, arvar alt.
Dersom partane har budd saman i minst to år, og er over 18 år, kan
den attlevande, dersom særlege grunnar ligg føre overta felles
bustad ved å betale ut arvingane.
Reglane om testament finn du i Arvelova.
Se også punktet Gjensidig testament.
Etterlatepensjon
Sambuarar utan felles barn eller som ikkje tidlegare har vore gift med kvarandre
er ikkje omfatta av retten til etterlatepensjon frå Folketrygda. Som hovudregel
gjeld dette også for tenestepensjonsordningar. Sjekk vilkåra og
rettane hos arbeidsgjevar.
For å sikre kvarandre bør de derfor teikne ei livsforsikring med
sambuaren som føremonshavar og/eller opprette eit gjensidig testament.