Råd for sambuarar
Her
kan du lese om korleis du kan sikre deg og din sambuar økonomisk og juridisk
i et sambuarforhold. Dermed unngår du sambuarfellene dersom den eine parten
døyr eller de går frå kvarandre.
Det dukkar ofte opp mange spørsmål - både juridiske og økonomiske
- når ein etablerer eit sambuarforhold. Kva skjer dersom vi flyttar frå
kvarandre, korleis fordeler vi eigedelane, kva om vi får barn, kva skjer
dersom den eine døyr, osb.
Dei viktigaste problemstillingane
Her tek vi opp ein del av dei viktigaste problemstillingane for sambuarar, kva
de må vere merksame på og korleis de kan sikre kvarandre økonomisk
dersom den eine fell frå. Dette er ikkje meint å vere eit "juridisk
oppslagsverk", men ei førstehjelp på vegen. Til slutt viser vi
til andre kjelder som kan gje vidare råd og hjelp.
Frå 2009 er det nye reglar om arv og uskifte for visse sambuarar. Desse
reglane er til dels svært kompliserte, og det kan vere ei fornuftig investering
å kontakte juridisk kunnig hjelp for å klargjere sin eigen situasjon.
Banken er verken ansvarleg økonomisk eller på annan måte
for kva lesaren gjer med denne informasjonen som grunnlag.
©
SPAMA
Oppdatert 03-2012