[Gode råd for betre økonomi]
Elektrisitet
Standardbudsjettet til SIFO omfattar ikkje utgifter
til bustad, medrekna elektrisitet. Nedanfor finn du ei rekkje tips omkorleis
du kan spare strøm.
Strømutgiftene er vekslande og derfor er dette ei utgift
som det kan vere lønnsamt å prøve å redusere. For
eksempel kan det vere ein del å hete dersom ein set i verk ulike enøktiltak.
Eksempel på slike tiltak kan vere:
- Senk temperaturen!
Dersom du set ned innetemperaturen med gjennomsnittleg 1 °C, sparer
du inntil 5 % av forbruket til oppvarming.
- Skift til sparepærer og sparedusj
Sparepærer. Ei 11 W sparepære har for eksempel same lysverknad
som ei 60 W glødepære. Sparepærene utnyttar mykje mei av
energien til lys og HAr ei atskilleg lengre brenntid enn vanlege lyspærer.
Sparedusj. Ein vanleg dusj kan bruke opp til 24 liter vatn per minutt,
mens ein sparedusj reduserer vassforbruket heilt ned til 6-10 liter per minutt.
Sparedusjen reduserer derfor behovet for varnt vatn med meir enn 50 % samanlikna
med eit ordinært dusjhovud.
- Slukk lyset i rom som ikkje er i bruk
Meir en 10 % av straumforbruket går til lys. Det er derfor mykje å
spare på å sløkkje lyset i rom som ikkje er i bruk.
- Installer varmeomnar med termostatar som regulerer
innetemperaturen over døgnet. Da kan du automatisk setje ned temperaturen
om natta, men sørgje for at huset er tilstrekkeleg oppvarma når
du står opp og skal ete frukost. Termostaten kan så automatisk
slåast av att når du går på jobb, men styrast slik
at det er behageleg varmt når du kjem heim.
- Etterisolering
Spesielt i eldre bustader tilrår vi meir grunnleggjande etterisoleringstiltak.
Det kan vere å setje tettingslister rundt dører og vindauge,
skifte vindauge som er for dårlege til å tettast, eller etterisolere
golv og tak.
SIFO har elles utarbeid eit grønt hushaldsbudsjett og ein eigen kalkulator
der du kan rekne ut energiforbruket ditt og sjå kva du sparer ved å
setje ned innetemperaturen. Dette finn du på SIFO
.
Skriv ut