[Gode
råd for betre økonomi]
Råd frå banken
Når økonomien er stram, er det ei rekkje
ting banken kan hjelpe deg med. Nedanfor finn du gode råd som vi veit
hjelper.
Ikkje vent med å ta kontakt med banken. Vi kan
hjelpe deg med en eigen utgiftskonto og vi går gjennom lånet ditt.
Kanskje har du lån fleire stader. Da kan det vere lønnsamt å
samle desse.
Opprett ein eigen konto for faste utgifter
Pengar som skal dekkje utgifter som du veit kjem dei næraste månadene,
bør setjast på eigen konto. Det gjeld pengar til renter og avdrag,
ferie osb. Det er aldri lurt å samle midlane på lønskontoen
- då er det lett å bruke dei til andre ting. Be gjerne banken om
hjelp til å setje opp eit budsjett, og til å rekne ut dei summane
som du kvar månad bør overføre til utgiftskontoen.
Du må kunne tole ein eventuell renteoppgang
Legg aldri opp til så stram økonomi at du ikkje toler renteøkning.
Renta er variabel, og du må vere budd på at ho kan gå både
opp og ned. For tida har vi eit lågt rentenivå, og det kan være
freistande å auke lånebeløpet. Ha likevel alltid rom for
at renta kan auke att når du skal ta opp lån. Går renta opp,
må du ha ein økonomi som toler det. Banken kan hjelpe deg med å
rekne ut kva renteutgifter du og familien din kan tole.
Vurder fastrentelån
Dersom økonomien din er så stram at du får problem med renteoppgang,
bør du vurdere fastrentelån på heile eller deler av lånet.
Det vil seie at du blir samd med banken om å binde renta for ein avtalt
periode. NB: Det vil også seie at du går glipp av ein eventuell
rentenedgang. Du må sjølv vurdere om du vil ta ein slik risiko,
for du får ikkje både i »pose og sekk».
Ny takst kan gje billigare lån
Dersom det er lenge sidan de kjøpte bustad, kan taksten i mange tilfelle
ha stige. Det kan tenkjast at ein ny takst på bustaden kan føre
til at de kjem inn under 60 % av lånetakst, og dermed kan det vere grunnlag
for å setje ned renta.
Forlengd nedbetalingstid
I tider med låg utlånsrente, nyttar fleire kundar høvet til
å betale ned lånet raskare enn den opphavlege nedbetalingsplanen.
Når renta stig, er tida kanskje inne for å forlengje nedbetalingstida
på lånet att.
Vurder å samle fleire lån
Har du mykje smågjeld eller lån hos fleire långjevarar, kan
du spare på å samle alt på ein stad. Kanskje har du både
forbrukslån, kontokreditt og billån i tillegg til bustadlånet
ditt. Dersom betalingsevna og tryggleiken din er god, finansierer banken låna,
det vil seie at han gjer dei om til eit lån med gunstigare vilkår.
Ver likevel merksam på at mange som refinansierer, legg opp til ein for
stram nedbetalingsplan. Du bør derfor be banken om reknestykke som viser
deg kva kostnader du får med 20 års nedbetalingstid, med 15 år
osb., slik at du får grunnlag for å vurdere kva det er mogleg for
deg å leve med.
Utsetjing på avdrag
Det finst to alternativ til refinansiering. Det første er å utsetje
avdraga. Då betalar du berre renter. Det gjer at ordninga er dyr, fordi
løpetida på lånet aukar, og dermed «veks» det
totale rentebeløpet.
Utsetjing av både renter og avdrag
Dette er det andre alternativet til refinansiering. Dersom du slepp å
betale både renter og avdrag i ein periode, aukar både sjølve
lånet og dei samla rentene. Utsetjing av både renter og avdrag er
ei naudløysing du helst bør unngå.