[Råd
når du blir åleine]
Andre
spørsmål
Det er ei rekkje praktiske spørsmål og ting
du må huske på i samband med eit dødsfall. I det etterfølgjande
finn du ei oversikt som kan vere til hjelp.
Aktuelle spørsmål kan for eksempel vere fortsatt rett til leige
av bustad, oppseiing av eventuelt medlemsskap i fagforeining og andre foreiningar
og lag, samt oppseiing av abonnementer osv. Det kan også vere at atlevande
for eksempel i ein overgangsperiode treng økonomisk støtte, og
da kan sosialkontoret gi råd.
a. Gravferdsbyrået
I tillegg til alle praktiske saker som må ordnast i samband med båreoverføring
og gravferd, kan gravferdsbyrået også ordne med nødvendige
papir til skifterett, politi, trygdekontor osb. Mange byrå kan òg
formidle juridisk hjelp og kan rettleie når ein skal søkje om økonomisk
støtte frå ulike instansar. Vent med å skrive under papir
om skifte eller uskifte før du har skaffa deg oversikt over den økonomiske
situasjonen.
b. Fødselsnummer
Offentlege kontor må ofte ha fødselsnummeret (11 siffer) til dei
næraste attlevande. Fødselsnummeret står på skattekortet.
Ein kan òg få det frå folkeregisteret.
c. Bustad
Den attlevande ektemaken eller barn som budde saman med den avlidne, har ein
lovfesta rett til å halde fram i det leigeforholdet som den avlidne hadde
avtalt med utleigaren. (Husleigelova).
d. Gravferdsstøtte frå fagforeining
Dei fleste fagforeiningane har ei ordning med gravferdsstøtte for medlemene
sine. For å få desse pengane utbetalte, må ein til vanleg
leggje fram medlemsnummer eller medlemskort, skifteattest og dødsattest.
I visse organisasjonar er det ein foreldingsfrist på tre månader
for å krevje gravferdsstønad.
e. Medlemskap og abonnement
Var den avlidne medlem i lag eller organisasjonar? Meld frå til dei. I
somme tilfelle kan det vere aktuelt å seie opp abonnement som stod i namnet
åt den avlidne, til dømes telefon, avis og tidsskrifter. I andre
tilfelle er det meir aktuelt å endre abonnentnamnet slik at dei attlevande
slepp å få oppringingar, brev og rekningar i den avlidne sitt namn.
Vurder til dømes å endre namnet i telefonkatalogen og meld frå
om dette.
f. Eventuell sosialhjelp
Ein etterlaten ektemake som av ulike grunnar ikkje klarer å betale utgiftene
sine og difor får store problem med økonomien, kan få sosialhjelp.
NAV kontora gir råd og rettleiing til den som treng det. Treng du meir
informasjon, se NAV.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål!