Råd når du blir åleine

Dødsfall i nær familie skaper ein vanskeleg situasjon. Det kan vere problematisk å skaffe seg full oversikt over økonomien, mellom anna fordi det er så mange offentlege og private instansar ein får med å gjere.

For somme blir dødsfall i familien ei ekstra påkjenning om dei i tillegg får økonomiske problem på grunn av dødsfallet. Da kan eit oversyn med svar på viktige spørsmål, vere til hjelp. Det finn du her.

Vi tek utgangspunkt i at den eine ektemaken døyr, og ser på kva den attlevande skal gjere, på rettar og plikter som vedkomande har. Det er lagt vekt på å lage ei generell rettleiing.

Banken er verken ansvarleg økonomisk eller på annan måte for kva du gjer med denne informasjon som grunnlag.

© SPAMA
Oppdatert 02-2012