Over 40? Førebu pensjonsalderen no
Sjølv om det er nokre år til du blir pensjonist,
kan det vere lurt å starte planlegginga av pensjonistlivet alt no. Vi
vil gje deg nokre gode råd, og her ser vi på dei privatøkonomiske
konsekvensane av å bli pensjonist og korleis du kan førebu deg.
Dersom du skal leve av folketrygda åleine, vil det vanlegvis føre
til at inntekta går kraftig ned. Som ein indikasjon på kor mykje
du får frå folketrygda, kan du rekne frå 40 til 50 prosent
av lønna i dag. Har du spesielt høg lønn, får du
mindre. Har du derimot låg lønn, kan det vere at du får litt
meir enn 50 prosent. Uansett vil det bli stor nedgang i inntekta. For å
ha like god økonomi som pensjonist må du ha lågare utgifter,
eller du må sørgje for å ha andre inntekter i tillegg til
folketrygda.
Generelt om pensjon
Alle former for pensjonssparing, anten det er via folketrygda, via arbeidsgjevar
eller privat, kan utbetalast uavhengig av kvarandre frå fylte 62 år.
Du kan velje å ta ut pensjon frå folketrygda og jobbe fullt ved
sida av utan avkorting. Du kan også velje å ta ut pensjon berre
frå arbeidsgjevaren og likevel jobbe fullt. Det er du som bestemmer. Legg
ein plan saman med arbeidsgjevaren. Kanskje er pensjonstilværet nærmare
enn du trudde!
Vi har ikkje gjeve ei fullstendig famstilling av alle detaljane i regleverket,
men dette er ei førstehjelp på vegen. For meir fullstendig informasjon,
ta kontakt med banken.
Banken er ikkje ansvarleg, verken økonomisk eller på annan måte,
for handlingar som måtte bli gjennomførte med basis i denne informasjonen.